[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre idrettar

Ulvikarennet 2026 - laurdag 31.januar

Ulvik IL markerar 100 år som idrottslag - og vil feira det med eit spektakulært jubileumsrenn på Drevtjørn. Det vert langrennscross med mykje fart og moro - her skal alle få brynt seg på kular, svingar, baklengs, hopp og slalom. Rammene for rennet i år vert prega av at det er jubileum - dette vil du ikkje gå glipp av!

Me har Knøttecross for ungar opp til 8 år, med påmelding ved oppmøte og direkte utlevering av startnr før start. Oppmøte frå kl. 16:15. Start 16:45. Ordinært renn startar kl. 17:30

Me vil og ha ein Jubileumsklasse (trim - åpen klasse) der me utfordrar alle klubbar til å stilla med nokon frå kvart kjønn. Det vert eit alternativ til seniorklassen, og distansen i jubileumsklassen vert snaue 2 KM (dvs 2 rundar i kort trasè). Vonar me får til godt oppmøte i denne klassen.

Meir info finn de i invitasjon og løypekart.

Bli med på skifest i Ulvik!

NB! Arrangementet går føre seg om KVELDEN.

iSOnen - meir informasjon og påmelding: 

Meld deg på her: https://isonen.no/event/cmhxrvq7d02yoa101lzl5do44/

Invitasjon her: https://drive.google.com/file/d/1yt7yv_Ydyk15NufDkPG9JsqZjZaaCJWq/view?usp=drive_link

Mbh

Skigruppa, UIL