[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Ulvik IL

SERIETURNERING

Forfatter: Jorgeir Hamre Mediå

29. april 2023

Fotball
News article image

Tre lag frå Ulvik var påmeldt

Laurdag 29. April var det serieturnering på Bjørgum, her fekk dei tre yngste lagene frå Ulvik prøva seg mot andre lag frå regionen.

Gutar 7 år spelte sine fyrste fotballkampar i 3ar fotball, det var nok spennande for både store og små.

Jentar 8 år spelte tre kampar med 5ar fotball.

Gutar 9 år fekk spela 4 kampar.

Me har fått tilbakemelding at det har vore ein kjekk dag for store og små. Lagene viste godt engasjement og bit godt frå seg både i duellar og banespel. Spelarane var aktive og fullt på høgde med dei andre lagene.

Dei fekk oppleva siger, tap og uavgjort.

Lukka til vidare i sesongen og med fotball- og idrettskarrieren.