Aktivitetsoversikt vinter på Drevtjørn
Forfatter: Torkjell Lunde Børsheim
06. januar 2025
Det er flotte forhold i løypa, og i morgon byrjar den fyrste organiserte skitreninga.
Kvar tysdag og torsdag kl. 18 - ope for alle som vil.
Oppdatering 20/1
Med litt lite snø i løypa so flyttar me skisprellen som var planlagt den 26.1
Ny dato kjem!
På torsdagar er det òg Familiekveld. Idrettsskule på ski for dei som vil, med vaflar, saft og kaffi etterpå.
Hopptrening frå kl. 19. Gratis utleige av utstyr.
Dei som ferdast i akebakken må ta omsyn til hoppaktiviteten. Fint om foreldra kan vera med og passa på, så unngår me uheldige situasjonar.
Her vert det aktivitetar for alle nivå og aldrar!
Gratis utleige av utstyr til langrenn: sko, ski og stavar. Møt opp i garasjen på stadion i god tid slik at ungane er klare til aktivitet kl. 18.
Velkomne til mykje moro og leik på ski i vinter!
Helsing
Skigruppa