Ulvikarennet - KM 2022
Forfatter: Åsa Johanna Granqvist
23. januar 2022
Dugnadsgjengen frå Ulvik IL klarte å dra i hamn Ulvikarennet sjølv om dei måtte opp til Voss.
RASKAST: Sundag vart Vebjørn Turtveit (Voss IL) raskast under KM i langrenn. Foto: Marit Folkedal Lussand
23.01.22 19:31
Åpne deleknapper for artikkelen
Ulvikarennet regna vekk på Drevtjørn i år, men hjå Voss ski- og tursenter vart helga redda grunna kunstsnø.
For abonnentar
– Dei tre kilometerane som vart utgangspunktet for KM vart til fordi at dei fekk nok økonomisk støtte til å kunne produsera kunstsnø, det er litt spesielt, seier rennleiar Asbjørn Børsheim tankefullt etter endt helg.
KLARE: Sondre Brattabø (Osterøy IL), Oskar Kvamme (Fana IL) og Oskar Eek-Reme (Fana IL) klar til start. Foto: Marit Folkedal Lussand
Regn og is i mellom løypene vart litt utfordrande, men elles ser han seg nøgd.
– Løypene var så gode som dei kunne vera. Det var kjempe flott løyper dei har laga, dei kan dette på Voss.
Vebjørn Turtveit meiner òg at løypene heldt seg bra, til trass for varmegrader og litt regn.
– Kjekt å gå skirenn på heimebane etter gammalt, seier dagens raskaste.
PÅ GLATTISEN: Skytemattene til skiskyttarane kom godt med på isen. Foto: Marit Folkedal Lussand
FERDIGE: Eirunn Johanson Hagen (IL Korlevoll - Odda) og Emilia Totland Osa (Fana IL) inn i mål. Foto: Marit Folkedal Lussand
Utfordrande med rekruttering
Rennleiaren ser helst at fleire unge skulle blitt med på leiken. Det skuldar han vêret for.
– Me har fått mange gode tilbakemeldingar frå nøgde deltakarar og foreldre. Klart det var litt lite deltakarar, særleg på laurdag. Det var litt fleire på sundag. Vêr og vinterforholda har skapt dårleg leikeforhold for dei yngste, så ein ser det er utfordringar med rekruttering.