[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Ulvik IL

Få status på skiløypene i Ulvik på nett

Forfatter: Torkjell Lunde Børsheim

03. januar 2023

Ski
News article image

Den nye trakkemaskina til Ulvik Idrottslag har fått GPS-sendar, og du kan difor fylgja med på kor tid det sist er preparert på Drevtjørn ski- og tursenter og inn Solsevegen via nettet.
Du finn direktetilgang i menyen over på knappen "Skisporet.no". Trykk deg inn på idretten "Ski" om du ikkje ser den.

Direktetilgang: Sjå status her.

Det finst òg ein Skisporet mobil-app , slik at du kan sjekke løypestatus på iPhone eller Android telefon,eller iPad nettbrett. https://skisporet.no/apps

Tusen takk til dei stødige sjåførane våre Kjell, Åge, Kenneth og Bjarne som står på heile sesongen for å gje oss preparerte løyper i verdsklasse!
Alt er gjort på dugnad på fritida.

Me oppmodar samstundes alle som ikkje er aktive medlemer av Ulvik idrottslag og er ivrige brukarar av dei ferdigtrakka løypene om å verta støttemedlem i UIL. Det gjer oss endå betre rusta til å halda fram med den gode innsatsen i løypa.
Det kan gjerast her på nettsida vår, trykk her og velg «ikkje-aktiv» medlemstype.
Du kan vera medlem i fleire idrettslag samstundes.

Med ynskje om ein god skisesong og mange fine turar i løypene!

Skigruppa i UIL