Idrettsskulen på ski startar opp i dag
Forfatter: Torkjell Lunde Børsheim
05. januar 2023
Det er godt skiføre for tida, og me inviterar alle til å vera med på skileik, fart, spenning og moro i Drevtjørn.
Idrettskulen er ope for alle, ikkje berre 1.-4.klasse. Me ynskjer at alle skal få prøva seg og utvikla seg vidare på ski, anten om du har gått mykje eller lite på ski tidlegare.
UIL har utlån av ski, sko og stavar i dei fleste storleikar. Kom litt før det startar so finn me noko som passar. Utlånsbua er i garasjen på stadion.
Idrettsskulen er kl.18-19.
Servering av saft og noko attåt.
Idrettskulen på ski held fram kvar torsdag på familiekveldane gjennom vinteren når det ikkje er andre arrangement som karusellrenn og lagsmeisterskap. Kl.18-19.
Datoane er
5.januar
12.januar
19.januar
2.februar
16.februar
2.mars
16.mars
Idrettsskulen er eit allsidig tilbod som går gjennom haust og vintersesongen, der ungane skal få prøvd seg på mange nye, ulike aktivitetar og utvikla grunnmotorikk, både ute og inne. Dette vil gje ungane eit godt utgangspunkt for å kunne delta i fleire idrettar seinare, ha glede ved idrett og aktivitet, og stimulera dei fysisk, motorisk, sosialt og mentalt.