Jenter 13 på Sogndal Cup
Forfatter: Jorid
27. juni 2025

Jenter 13 på Sogndal Cup
Forrige helg deltok J13 laget til Ulvik på Lerum Cup i Sogndal. Det vart ei strålande fin fotballhelg for jentene!
Jentene spelte kampar i Gaupne og i Hafslo, og vart innlosjert med rundt 400 andre spelarar i Gaupne. Lerum Cup har vakse seg fram som ei av Vestlandets største turneringar med rundt 300 påmelde lag og cirka 4000 spelarar. Mange kampar og mange fotballspelarar på ei helg!
Jentene gjekk diverre ikkje vidare frå B-sluttspelet, men hadde gode kampar til trass for tap. Motstandarane kom frå Bergen, Dale, Jølster og Askøy. Særskild kampen mot Dale var ein solid laginnsats som gav inspirasjon for haustsesongen. Det fine med cup er jo både fotballfokus og sosiale arrangement på kveldstid. Det var rom for både tivoli, diskotek og nye bekjentskap.
Cupreisa var mogeleg å få til gjennom stønad frå Ulvik IL fotballgruppa, Jenter vil mer / Sparebanken Vest, samt dugnadsinnsats frå jentene sjølv gjennom plastplukkedugnad gjennom Handelens Miljøfond. Engasjerte trenarar, lagleiar og foreldre spelar også ei viktig rolle når fotballjenter skal på tur.
Me kan i alle fall trygt anbefala Sogndal og Lerum cup til andre lag i klubben!
På bilete bak frå venstre: Rayan, Ingrid, Sunniva, Mathilde, Emma Karoline Eirun og Haniya. Midten: Hanna, Mette, Vilja, Izabelle og Agnete.Framme: Tiril.