[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Ulvik IL

Kvasshovden Opp, Ulvik 12 juli 2025

Forfatter: Åsa Granqvist

23. mai 2025

Kvasshovden Opp
Forside
News article image

Kvasshovden Opp 2025 - laurdag 12. juli

Norgescup i motbakke

NB! Fellestart for alle konkurranseklassar er i år kl 11:00.

Fristen for online påmelding er kl 12.00 fredag 11. juli. Påmelding med familierabatt (2 vaksne+ barn) kr 300 kan berre gjerast direkte i sekretariatet (ikkje elektronisk). Det er mogleg å melda seg på i mosjonsklassen og i konkurranseklassen i sekretariatet si opningstid fram til kl. 11.00 laurdag utan tillegg i pris. Betaling med kort eller vipps.

Kl. 07.00 – 11.00 er valfri starttid for mosjon utan tidtaking. Det er ikkje nedre aldersgrense for mosjonsklasse. Det vert opp til føresette å avgjere om barnet er i stand til å nå toppen.

I mosjonsklassen kan ein melde seg på og starta frå Børsheim (230 moh). Kun betaling med Vipps på Børsheim. Det er gode høve for parkering der. Starter ein tidleg er ein på toppen i målområdet og får med seg innspurten i konkurranseklassane. Dei beste brukar godt under ein time til topps.

Kl 11.00 går fellesstarten for alle konkurranseklassar for Kvasshovden Opp frå Allmenningen på Brakanes.

Yngste konkurranseklasse i Kvasshovden Opp er 14 år.

ONLINE PÅMELDING OG EQ TIMING

Meir praktisk informasjon om uthenting av startnummer, ryggsekk, drikkestasjonar og premiering finner du her: praktisk informasjon. Trenger du overnatting, så finner du informasjon HER.

Velkommen til Kvasshovden Opp 12 juli 2025!

Meld deg på og bli med !

Custom image