Om Ulvik IL
Skicross med høg fart, kjekke hinder og god stemning!
Forfatter: Torkjell Lunde Børsheim
08. mars 2024
Ski
Det vart ein flott skikveld på Drevtjørn torsdag 7.mars. Fine forhold med nykøyrde løyper, men litt krevjande skogsløyper gjorde til at alle fekk brynt seg litt i skøytinga. Det vart lagt til nokre nye element i skicrossløypa denne gongen, noko som skapte stor variasjon. Utforløype, portalar, kular, slalomportar, baklengsportar, reipelykkje, skogsløyper, orgeltramp. Dette gjev godt grunnlag for betring av skidugleik og skiglede!
Takk til alle som deltok og alle som hjalp til for å få til eit flott kveldsarrangement!
Resultat vedlagt.