[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Ulvik IL

Bestill lagsdress frå Trimtex!

Forfatter: Åsa Johanna Granqvist

27. mars 2025

Forside
News article image

No kan du som medlem bestilla lagsdress i Ulvik IL sine fargar att. Som tidlegare år gjer me det gjennom ein nettbutikk, slik at du kan bestilla direkte og betala der, og du får produkta sendt direkte heim til postkassa di.

Ulvik IL nettbutikk Trimtex

Om du ikkje har ein konto hjå Trimtex frå tidlegare av, må du laga deg ein ny konto. Opprett ny konto, logg deretter inn med e-post og nytt passord. Skriv så inn «ulvikil-3519» for å koma til nettbutikken til Ulvik IL.

Produkta frå Trimtex er av høg kvalitet, bruksvenlege og haldbare, og prisen på produkta er godt rabatterte frå Trimtex og frå Ulvik IL si side til medlemene våre.

Du finn jakke, bukse, vest, tights, overdel, skidress, hue, panneband, dunjakke, hoodie, shorts, t-skjorte, m.m. i nettbutikken – alt i Ulvik IL sitt design. Det er junior-, herre- og damemodellar.

Du finn all informasjon om produkta i nettbutikken, men kort fortalt er det tre ulike alternativ av type lagsdress (jakke, bukse og vest).

  • Trainer 3.0:      Lett type dress utan fôr. Allrounder.
  • Ambition 2.0:  Dress med fôring, passar godt til vinteraktivitet.
  • Ace: Toppmodellen. Allround. Litt meir tettsitjande.


Ta ein tur innom nettbutikken og sjå på produkta og prisar, kjøp lagsdress til deg sjølv, og til familien.

Om det skulle vera nokon spørsmål/problem, ta kontakt med Torkjell Lunde Børsheim på tlf. 97130173 eller med Trimtex direkte.


Frist for bestilling er 13. april!

Forventa levering er 30. mai.

Mbh
Ulvik IL