[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Ulvik IL

Ulvikarennet 2025

Forfatter: Åsa Johanna Granqvist

27. februar 2025

Ski
News article image

Langrennscrossen vart ein suksess!

Ulvikarennet 2025

Ei flott markering av det nye stadionområdet vårt. Over 120 løparar i sporet, og over 45 i knøttecrossen, fekk utfalda seg i skileik og -glede i krappe svingar, over kular, orgeltramp og gjennom portar.

Sola skein og plussgradene steig, men skiføret heldt seg gjennom dagen.

Tusen takk til alle som kom til Drevtjørn i dag og laga skifest i lag med oss!

Og ikkje minst, tusen takk til alle dei solide funksjonærane i laget vårt som stiller opp og gjer sitt til at dette kan gjennomførast. Det går ikkje rundt utan dykk, og i år vart det ekstra krevjande med mildvêret dei siste dagane. Då er det godt å ha så mange med på laget! Små eller store rollar, alt er like viktig for å skapa eit godt arrangement. Takk!

Velkomen tilbake til ny langrennscross i 2026

Skigruppa Ulvik IL

Resultat Ulvikarennet - Langrennscross

BA var óg på plass på Drevtjørn under Ulvikarennet og hadde fyldig dekning av dagen.Takk til BA for at dei tok turen til Ulvik, og velkomen attende.

Nettsak BA og I tillegg reportasje i avisa 26.feb

Takk òg til Avisa Hordaland