[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Ulvik IL

Lagsmeisterskap i langrenn og hopp i flotte rammer!

Forfatter: Torkjell Lunde Børsheim

24. mars 2024

Ski
News article image

Det vart ein flott skidag med nærmare 40 deltakarar på langrenn og 20 på hopp. Det var flott ver og ekte påskeføre! God innsats og godt humør på alle, og høg glitterfaktor!

Skigruppa vil retta ein takk til alle som var med i dag. Og til alle ivrige ungar som har vore med på ski-og hopptrening gjennom vinteren. Me ser fram til neste sesong allereie!

Takk for hjelpa til alle som har gjort ein innsats på treningar, familiekveldar, arrangement, og takk til løypekøyrarane for gode forhold heile vinteren. Det har vore ein lang og fin sesong, og det vil framleis vera råd å gå på ski nokre veker til før våren for alvor set inn.

Bilete frå lagsmeisterskap finn de på fb.