Kom til Ulvik 22-23. februar!
Forfatter: Åsa Johanna Granqvist
14. februar 2025

ULVIK IL vil invitera til SKIFEST helga 22.-23.februar!
-Ei helg fylt med fart og moro, skileik , -glede og meistring.
Laurdag 22.februar har me og eit rekrutteringsrenn i kombinert; hopp og langrennscross. Krinsrenn for fyrste gong på lang tid , ope for alle. Lågterskel, gratis og premiar til alle!
Veldig kjekt om fleire vil koma og prøva ut hoppbaken vår på Drevtjørn.
Ulvikarennet vert arrangert sundag 23.februar, og i år vert det langrennscross!
Sjå vedlagt invitasjon og løypekart, og meir info/påmelding på iSonen.
Ein liten forventning om kva som ventar kan du sjå her:
https://www.facebook.com/reel/3926903600912926
Planlegg vinterferien og kom til Ulvik -og lag skifest i lag med oss!
Med beste helsing
Skigruppa i Ulvik Idrottslag