J12 på Brann stadion
Forfatter: Øystein Edvardsen Hide
09. juni 2024
Unik oppleving for Ulvik-jentene!
Laurdag 8. juni fekk Jenter 12 frå Ulvik ei unik oppleving på Brann stadion.
Laget frå Ulvik er eitt av fleire heldige lag som gjennom påmelding og søknad er plukka ut til å vera med i Sparebanken Vest sitt prosjekt "Jenter vil mer" og Thon Hotels sitt "Flere jenter"-prosjekt i samarbeid med Sportsklubben Brann.
Jentene fekk omvising på Brann stadion, både inne og ute. I spelargarderoben og treningsrommet til damene fekk dei møta Brann-spelar Natasha Moraa Anasi-Erlingsson som fortalde om korleis kvardagen som Brann-spelar er. Jentene fekk også stilla spørsmål til den rutinerte forsvararen som også fortalde om sine fotballdraumar som 12-årig jentespelar. "Å tora gjera feil som ung spelar er viktig," sa Natasha. "Det er av å gjera feil ein lærer og blir betre på det ein øver på. Hugs på det!" Viktige ord å ta med seg heim til fotballbanen i Holmen.
Eit stort jubelrop frå tribuna vart det då Rakel Engesvik scora mot Lillestrøm i 2. omgang. Brann drog heim ein etterlengta siger mot laget frå aust. Etter kampen fekk jentene møta alle spelarane for signering, bilete og ein liten prat. Ei skada Andrine Hegerberg tok imot alle jentene inne i garderoben, og keeper Sandra Stavenes tok seg tid til ein keeperprat med Ulvik sin nr 1.
Ei stor takk til Sparebanken Vest for dette viktige lagløftet "Jenter vil mer". Som kapteinen på Brann seier det så riktig: “Det handler ikke om at alle skal bli fotballproffer, men om at alle skal få like muligheter!” Unge jenter som drøymer om å spela for dei store folkemengdene, ja dei finst! Med satsingar som dette sender ein ut signal om at unge jentefotballdraumar er like mogelege å nå, som unge gutefotballdraumar. Draumar er draumar, og mål er mål, uansett kva lag ein spelar på! Stor takk også til Thon Hotels og "Flere jenter" som også inspirerer unge jenter til å tora drøyma store proffdraumar og som oppmuntrar jentene til å fortsetja med fotballen. Sist og ikkje minst: Takk til alle gode damer på Brann stadion som tok oss så vel i mot. Gode forbilder både på og utanfor fotballbanen er så viktig!
Jorid Lekve Eide