[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Ulvik IL

Dugnad på Drevtjørn 12.november kl.11-15

Forfatter: Torkjell Lunde Børsheim

06. november 2023

Ski
News article image

Velkomen til dugnad! Me gjer løypa og anlegget klart for aktivitet til vinteren.

Me har allereie hatt mykje dugnadsaktivitet i haust då me har rydda areal til den nye skicrosstrasèen som vonleg kjem neste år. Kom og sjå korleis det har vorte!
Men me må ha den tradisjonelle dugnaden for å gjera siste finpussen. Sjå info under.

https://ulvik-il.spoortz.no/kx/1297/files/Dugnad haust 2023.pdf

Dugnadsaktivitetar:
Rydding av pas/kvist langs løypa + stadion. Evt. felling av tre langs løypa.
Rydda i lageret på stadion. Montera opp hyller.
Vaska ut av varmestova på stadion + varmebua v/parkeringsplass + toalett.

Ta med det som passar:
Vaskebøtte, vaskekost m.m.
Motorsag, ryddesag, teleskopsag, beskjæringssaks, m.m.

Mat:
Ta med niste. UIL stiller med kaffi, saft og lappar!

Ansvarlege:
Torkjell har ansvar for rydding av løype/stadion.
Åsa og Torkjell har ansvar for rydding i lageret.
Toril koordinerar vask og rydding i lagshus!


Ta gjerne med ungar på dugnad.

Det er også fint for dei å ta seg ein sykkeltur i løypa om det skulle freista.

Gje melding til Åsa på mob: 986 13 808, om de har høve til å møta!


Mbh Skigruppa,UIL