[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Ulvik IL

Vil du bidra til god stemning og deilig lukt i kafehuset på Drevtjørn?

Forfatter: Torkjell Lunde Børsheim

02. januar 2025

Ski
News article image

Det er fantastisk flott vinter og skiføre, og me startar opp med familiekveld og idrettskule på Drevtjørn torsdag 9.januar.

Det vert ikkje familiekveld utan vaflar, saft og kaffi i kafehuset, og det er med på å skapa ein flott avrunding på aktiviteten. Me treng gode hender som kan hjelpa oss med dette kvar torsdag gjennom vinteren, og håpar på at nettopp du kan bidra til dette!

Det er eit skjema på lenkja under der du kan skriva deg inn i eit ledig felt den kvelden som passar best for deg.

https://docs.google.com/spreadsheets/d/1bvfsJheFeMf3FeMFXxqc7n3pkGiNPrl9TUx0DlO6JBM/edit?gid=1410750722#gid=1410750722


Takk for at du stiller opp - det er faktisk ein veldig viktig dugnadsinnsats :-)

Sjåast på Drevtjørn!


Helsing skigruppa