Takk for pengegåver frå Sparebanken Vest!
Forfatter: Torkjell Lunde Børsheim
18. juni 2024
Ulvik IL søkte om fleire tiltak gjennom Sparebanken Vest sin ordning for prosjektmidler.
Banken sine utsendingar, Magnus Tveit og Anders Kristoffer Oppheim, kom til Ulvik for ei veke sidan og delte ut pengegåver til fleire lag og organisasjonar i bygda.
Ulvik IL er svært takknemlig for pengegåver til aktivitetar i laget som kjem alle til gode. Aktiviteten i laget er tufta på dugnad, og det er bærebjelken for at me klarar å ha ein sunn og god økonomi som igjen fører til eit godt og allsidig tilbod for medlema våre.
Kvasshovden Opp er vorte ein institusjon i laget, og i år vert det tredje gongen det er innlagt NM i løpet. Det krev stor dugnadsinnsats for gjennomføring. Traseen vert elles brukt gjennom heile barmarkssesongen og er ein fin tur for mosjonistar og turistar.
Sparebanken Vest støttar dette tiltaket i år med kr. 50 000!
Idrettslaget har i samarbeid med Brakanes skule hatt 4-5 skidagar i vinter for 1.-7.klasse. Det har vore ein stor suksess, og Sparebanken Vest støttar dette tiltaket med kr. 18 000. Det dekker frakt av alle elevar med buss gjennom vinteren.
Idrettslaget har og tenkt til å kjøpa eige startnummersett frå 1-300 med eigen profilering. Desse vert brukt på små og større arrangement gjennom heile året.
Sparebanken Vest støttar dette tiltaket med kr. 36 000!
Ulvik IL takkar for dei rause pengegåvene!