Last ned vår nye spoortz-app!
Forfatter: Åsa Johanna Granqvist
22. mars 2022
Hei medlemmer i Ulvik IL,
UIL har gått over til ein meir digital kvardag, og til det har vi valgt kommunikasjonsverktøyet Spoortz. Dette er ein app/nettside som administrerer heile idrettskvardagen; med alt frå treningtider, kamper og arrangement. Her er det også medlemsregistrering, betaling av kontigent og nyhendeoppdatering frå trenar/idrettslaget.
Alle som vill bli medlem i Ulvik IL og delta i våre aktiviteter må nå meldast inn gjennom Spoortz. Det er veldig enkelt å melda seg inn, med gode instruksjonar undervegs. Ved betalt medlemskap er ein også forsikra i aktiviteten ein deltek i gjennom Ulvik IL.
Klikk på lenka under for å komma igang.
https://ulvik-il.spoortz.no/portal/arego/club/1297/org-sign-up/996
Dersom du ikkje har epost kan du ta kontakt og få tilsendt faktura i posten.
FRAMGÅNGSMÅTE:
1. På den første sida skal du fylla ut skjema og legga medlemmet til rett gruppe. Det gjer du når du velgjer “aktiv” medlemstype. Registrer gjerne med barnet sitt telefonnummer. Trykk på laget/årskullet som du eller barnet ditt skal registrerast på. Borna skal som hovudregel vere medlem i ei gruppe. Er det fleire grupper som er aktuell melder du det til trener , så legg dei til, det koster 300kr (born) eller 400kr (vaksen) uavhengig kor mange grupper du er med i. Sjå skjermdump av gruppene under.