[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Ulvik IL

Ulvikarennet 2024 gjennomført i god stil! Resultatliste vedlagt.

Forfatter: Torkjell Lunde Børsheim

25. februar 2024

Ski
News article image

Ulvikarennet vart eit flott arrangement med godt oppmøte, god stemning og godt vêr! Løypene var supre, og heldt god standard gjennom heile rennet. Over 130 utøvarar stilte til start, og me håpar alle hadde ei god oppleving på Drevtjørn.

Tusen takk til alle som kom og ville delta på Ulvikarennet, både utøvarar, støtteapparat, foreldre og publikum! De gjorde dagen for oss.


Ein ekstra stor takk til funksjonærapparatet som har vore i sving både før, under og etter arrangementet. Liten som stor innsats er uvurderleg for at dette skal gå knirkefritt. Dugnadsånda er absolutt til stades i Ulvik. Tusen takk frå oss i skigruppa!


Me sjåast neste år!